_DSC8576

Frivillige vinteren 2023

Frivillige vinteren 2023

Har du lyst å være frivillig hos oss i vinter?

Har du lyst å vere med på å drive Hemsedal Høyfjellssenter og samstundes oppleve den beste tida av Hemsedalsvinteren? Eller kjenner nokon dette kunne vore aktuelt for?

Då er du hjarteleg velkomen som frivillig medarbeidar her! Vi har behov for hjelp heile vintersesongen, altså 1.januar til starten av mai. Som frivillig medarbeidar får ein gratis kost og losji. Du bur i ein leilegheit saman med dei andre frivillige, du får muligheten til vere med på morgonsamling kvar tysdag og i smågruppefellesskapet med stab- og frivillige, du får vere med på arrangementa som er på huset, du får 1000kr i lommepengar per månad, gratis heiskort (om ein er frivillig heile sesongen), samt fantastisk vinternatur rett utanfor døra! Her kan du få eit betre innblikk i livet som frivillig.

Om dette høyrest ut som noko du, enten heile eller delar av perioden, gler me oss til å høyre frå deg! Del gjerne vidare om du kjenner nokon aktuelle.

Ta kontakt med kerstin@fjells.no

Velkommen til Fjells!

Del dette!

Meld deg på nyhetsbrevet

Anbefalt for videre lesing